Gull i fra grønne skoger

Desember 2003
Diverse artister
Gull i fra grønne Skoger.
Vidar Sandbeck i Ord og toner.
2003 Spinner

En hyllestplate til en av Norges desidert beste låtskrivere gjennom tidene. Rundt 1960 kom perlene på en snor, Gull og Grønne Skoger, Menuett i Mai og Bildilla. Han har skrevet over 300 viser og han riksdebuterte i den legendariske Søndagsposten med Otto Nilsen, Alf Prøysen og Erik Bye. Her har mange av de gode norske artistene gjort sine tolkninger av hans viser. Vamp, Øystein Sunde, Jo Nesbø, Hans Rotmo, Lillebjørn Nilsen og Eldar Vågan er blant de medvirkende. Ei fin skive som viser ærbødighet og respekt for sangene til Sandbeck.
Så løp og kjøp!

 

Musikk: Grenselaus Sandbeck

Tom S. Lund har samla norske artistar til ei makelaust flott plate til ære for Vidar Sandbeck og musikken hans.

Gull i fra grønne skoger
Vidar Sandbeck i ord og toner
Utval og tilrettelegging: Tom S. Lund
Spinner Records

Gitaristen frå gruppa Desafinado har dei siste åra utmerkt seg gjennom samarbeidet med Prøysen og Taube-tolkaren Katia Cardinal. Her har han tatt for seg viseskatten til Vidar Sandbeck, og ikkje berre dei mest kjende songane, sjølv om «Pengegaloppen», «Menuett i mai» og fleire av dei andre klassikarane høyrer med. Av mindre kjent stoff har han plukka ut «Gartner Gundersen» (nydeleg sungen av Grete Kausland!), «Jens Vankelmodig», «Blådansen», «Trekantvalsen» og andre med sterke tekstar. Med er også «Et bitte lite miniskjørt», Dizzie Tunes-slageren som dei fleste ikkje veit er ei Sandbeck-vise.

Etter å ha høyrt gjennom 300 songar eller versjonar av Sandbecks store viseskatt, mest frå sekstitalet, med eit utval kjende artistar i tankane, og plukka ut høvelege musikarar i tillegg, har Lund sydd saman ein tributt til vår store visekunstnar som er stor. Dei musikalske arrangementa er i særklasse, og artistar du ikkje alltid vil forbinde med Sandbeck-viser, har tatt utfordringa med bravur. Opningssongen «Menuett i mai» er sjølvsagt som skapt for Vamp og vokalist Vidar Johnsen, men kva med Gitarkameratane og «Gull og grønne skoger»? Suverent, ikkje minst Jan Eggums tolkingar av ein dialekt som ikkje akkurat er hans, noko du også høyrer på «Dakota-Kalle». Med Anne-Marie Giørtz i spissen framfører Desafinado «Et bitte lite miniskjørt» i elegant sambatakt, med Ola Kvernberg som suppleant på fele. Øystein Sunde er som skapt for «Pengegaloppen», mens Grete Kauslands gripande versjon av den heller ukjende «Gartner Gundersen» minner oss om ein eminent songar vi altfor sjeldan høyrer utanfor revyscenene. Christian Hartmann har skrive melodien til denne og «Jens Vankelmodig», her signert Jo Nesbø.

Kai Huuse syng «Trekantvalsen», Eldar Vågan er på klar heimebane med ein rå versjon av «Bildilla», Guren Hagen med «I Rosvea Lund», før Aud I. Heldaas syng «Regnbågåbrua» så vakkert at klumpen står langt oppe i halsen. Og kva med Øystein Sunde og Bugge Wesseltoft som gitar og trekkspelkomp til Bjørn Eidsvåg i «Ved Gråten sjø»? For ein viseskatt vi altfor sjeldan høyrer, er tanken når først Lillebjørn Nilsen syng «Ola Torader» til Lillebror Vasaasens toraderspel, før Amigo Tom Lund m/vener serverer ein forrykande instrumentalversjon. Halvdan Sivertsen med «Heksedansen» og Hans Rotmo med «På folkemunne» følgjer, før Lillebjørn tar han fint ned med «Blådansen».

Dei musikalske arrangementa burde bli framheva eitt for eitt. Med bruk av vekslande mannskap viser Tom S. Lund ein stor sans for visene sitt særpreg, og kva høve for dristige versjonar som også ligg der. I trekkspelaren Frode Haltli har vi ein musikar for alle slags formål, Ola Kvernbergs feleinnspel har vi alt nemnt, og vi burde med namns nemning framheve alle instrumentalistar bak dette produktet. Heider og ære til dei alle, og til den stadig oppegåande Vidar Sandbeck, ein kunstnar av eit format nasjonen hadde vore fattig utan.

Roald Helgheim
© Dag og Tid


Klikk for plateanmeldelse.


Klikk for plateanmeldelse.


<< tilbake